Til toppen

Dagfinn Lyngbø: Kjøreregler i forbindelse med koloniseringen av Mars

Noregs mest kritikarroste og mestseljande komikar, Dagfinn Lyngbø, kjem tilbake til Ålesund med ekstraframsyning!
Me skal til Mars og dette er ikkje noko Dagfinn Lyngbø har funne på. NASA seier det.
Og det er ikkje så lenge til heller. Og det kan bli stress.
Men kvifor det?
Har me brukt opp jordkloden? Tek robotane over?
Dette er viktig å snakka om. Kven skal me senda først? Kva språk skal me snakka der? Tek me med homøopatar? Skal me ha høgre- eller venstrekøyring? Eller midt i, sånn som i Thailand?
Er det fotballcup i helga? Er det korpsseminaret samtidig? Skal me folkesetja ein annan planet? Og kjem svigermor på besøk?
I ei tid der alt kjem i tidsklemma er det viktig å planleggja.
Det er på høg tid å gå igjennom nokre generelle «Køyrereglar i samband med koloniseringa av Mars».
Dagfinn Lyngbø har hatt kjempesuksess med framsyningane «Ka e’ vitsen?» (2005), «Evolusjon» (2008), «Stereo» (2012) og «Supersmud» (2017), som til saman har selt ca. 500.000 billettar og har fått ikkje mindre enn åtte Komipriser, noko som understrekar hans posisjon som den mest populære komikaren i landet.
– «Spastiske sprell! Dagfinn Lyngbø har publikum i sin hule hånd»
– / BERGENS TIDENDE
– «Lo så det dugget fra munnbindene! Det Lyngbø driver med på scenen er i en galakse for seg selv»
– / BERGENSAVISEN
Gle dykk til ein ny festkveld, som kjem til å nå endå nye høgder – av og med sjølvaste, DAGFINN LYNGBØ!
Stikkord: ,

Dato

27 apr 2023
Utløpt!

Tid

19.00 - 20.15

Sted

Parken kulturhus
Parkgata 3B, 6003 Ålesund
Nettsted
https://parkenkulturhus.no/?source=bypatrioten&medium=kalender

Arrangør

Parken kulturhus
Telefon
70162468
E-post
billett@alesund.kommune.no
Nettsted
Parken Kulturhus
QR-kode