Til toppen

Boblershow – Bjørg Thorhallsdottir, Tore Petterson & Dora Thorhallsdottir

“Er du klar for en skikkelig feel-good kveld?
– La oss beruse deg!”
Denne framsyninga er ei salig blanding av standup, song, dans, foredrag og gode historier. Det blir rett og slett fest, fjas, alvor, og ikkje minst nyttige læring!
Vi kjem med konkrete tips om korleis du kan få det betre med deg sjølv og korleis få meir gle i livet. Søstrene Thorhallsdottir deler interessante og morosame historier og Tore Petterson kjem til å syngje og fortelje nært og personleg om dei dyrekjøpte erfaringane sine i livet. Tema i standup-delen blir om forskjellen mellom den kvinske og mannske ordboka, korleis vi knotar og rotar i relasjonane våre og korleis livet sjeldan blir slik vi såg for oss. Vi lovar at du kjem til å bli rørt, inspirert og ikkje minst le -masse! Ønskjer du at det boblar og bruser meir i blodet? Då er du så hjarteleg velkommen på Boblershow!
Dora Thorhallsdottir (50)
Standup-komikar med tre soloframsyningar bak seg, den siste, “Overganger” vart spelt over heile landet i 2,5 år. Ho er også forfattar, etterspurd foredragshaldar (om relasjonar), EQ-terapeut, og dessutan styreleiar og grunnlegg av EQ Institute. I tillegg til å vere programleiar i podkastane Relasjonspodden og Hetebølgen (om overgangsalderen).
Bjørg Thorhallsdottir (49)
Populær kunstnar med ein haug av separatutstillingar dei siste 20 åra, gründer og skaparen av Hjertefred. Bjørg har også illustrert og skrive mange bøker, den nyaste er heiter “Bjørgs Glede og Fryd”. Ho står også bak Lykkebobler (cava) og Gintastic (gin). Og ikkje minst: Destinasjon Glede (eit års kursløp for å få meir gle i livet).
Tore Petterson (44)
Kanskje mest kjent som tv-sjåar på NRKs SOFA, som bonde i første Farmen Kjendis på TV2, eller som dansedommar i fem sesongar på Skal vi Danse. Han har også ein lang karriere bak seg som jazzsongar og 16 år på scena som komikar. Tore er også EQ-terapeut, og har dei siste 8 åra reist land og strand rundt som ein svært ettertrakta foredragshaldar.
Foajeen med barservering opnar kl 18.00
Dørene til salen åpnar ca 20 min. før framsyningsstart.
Stikkord: ,

Dato

04 apr 2024
Utløpt!

Tid

19.00 - 20.15

Sted

Parken kulturhus
Parkgata 3B, 6003 Ålesund
Nettsted
https://parkenkulturhus.no/?source=bypatrioten&medium=kalender

Arrangør

Parken kulturhus
Telefon
70162468
E-post
billett@alesund.kommune.no
Nettsted
Parken Kulturhus
QR-kode