Barnas leikebyttedag
Vi gjentar suksessen frå i fjor, og inviterer til ny leikebyttedag på biblioteket!
Slik fungerer det: Ta med deg inntil ti leiker som du har lyst til å byte vekk. Når du leverer dei, får du bongar som du kan bruke til å “betale” for dei leikene du vil ta med heim. Dette er leiker som andre barn har levert inn.
Å byte leiker er bra for både miljøet og lommeboka. Leikene dine kan vere akkurat det nokon andre ønskjer seg!
Husk at alt må vere reint og heilt! Mot slutten av dagen kan ein velje fritt frå leikene som er igjen – utan å levere inn noko sjølv.
Vil du levere inn leiker på forhand? Vi tar imot leiker frå onsdag 17. april, så kom gjerne innom. Biblioteket sine opningstider er:
onsdag kl. 10 – 19
torsdag kl. 10 – 19
fredag kl. 10 – 16
onsdag kl. 10 – 19
torsdag kl. 10 – 19
fredag kl. 10 – 16
Leikebyttedagen er eit samarbeid mellom Frivilligsentralen, Besteforeldrenes Klimaaksjon, Hjelpegruppa Ålesund, Redd Barna og Ålesund bibliotek.
Vi serverer kaffi og litt å bite i, så ta med heile familien! Kanskje de finn ei god bok å låne òg?
Velkomen!
