Til toppen

Babyomvisning på Sunnmøre Museum

Foreldrepermisjon? Bli med på omvising i utstillinga EG VAR HER! Tilrettelagt for deg med baby og barn opp til 2 år.

Den første tysdagen i månaden legg vi omvisinga ekstra til rette for deg med baby og barn opp til 2 år. Den tek om lag 35 minutt – der byssing, barnegråt og pludring høyrer med undervegs. Ta gjerne med bæresele. Eigen barnevognparkering i museumskafeen.

EG VAR HER – stemmene frå Sunnmøre
Sunnmøre – ein stad i verda. Nokon har kome, og nokon har reist herifrå. Kven var dei? På kva måte høyrer vi stemmene deira i dag, og kva fortel dei oss? I utstillinga nærmar vi oss menneska gjennom ting dei har halde i, bilete av andlet, film av rørsler og lyd av stemmer.

I etterkant kan du nyte ein nykverna Jacukaffi og anna godt i museumskafeen. Her er det leikematte for dei aller minste og leikekrok for dei litt større barna. Vi varmar gjerne barnemat om du treng det. Stellerom både i 2. og 1. etasje.

Velkomen til omvising – aleine eller saman med trillegruppa.

Dato

04 apr 2023
Utløpt!

Tid

12.00 - 13.00

Mer info

Les mer

Sted

Sunnmøre museum
Museumsvegen 12, 6015 Ålesund
Opening Hour
12.00-18.00 tirsdag-fredag. 12.00-16.00 lørdag-søndag.
Nettsted
https://www.vitimusea.no/musea/sunnmoere-museum?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Viti
Telefon
70239000
E-post
post@vitimusea.no
Nettsted
Viti
QR-kode