Til toppen

Aalesund Folk Festival

Aalesund Folk Festival skal være ein årleg møtestad for folkemusikk på Sunnmøre – ein festival som feirar både den lokale arven og det store mangfaldet av folkemusikktradisjonar. Gjennom konsertar, kurs og sosiale møteplassar ønsker vi å løfte fram musikken som kulturarv, som levande kunstform og som skapar av felleskap.

Festivalen har som mål å styrkje interessa for folkemusikk og å leggje til rette for rekruttering av nye utøvarar. Vi gjev publikum høve til å møte alt frå unge talent til erfarne folkemusikarar frå inn- og utland, og vi legg vekt på å synleggjere breidda – frå tradisjonelle slåttar og bygdedans til nyskaping og samspel med andre sjangrar.

Aalesund Folk Festival er ein inkluderande møteplass der musikk, kultur og menneske møtast på tvers av generasjonar og bakgrunn. Vi samarbeider med frivillige, kulturorganisasjonar og lokale miljø for å vidareføre tradisjonane og for å gje nye stemmer rom til å vekse.

Som kulturprodukt er festivalen eit sterkt bidrag til å styrkje folkemusikken si stilling i Noreg – både som kunstnarleg uttrykk og som del av ein felles, levande kulturarv.

  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

10. - 13.09.2026

Tid

Hele dagen

Mer info

Om festivalen

Sted

Fabrikken Kulturscene
Molovegen 22, 6004 Ålesund
Nettsted
http://www.fabrikkenkulturscene.no/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Aalesund Folk Festival
Telefon
46945514
E-post
aalesund@folkfestival.no
Nettsted
Aalesund Folk Festival

Andre Arrangører

Fabrikken Kulturscene
Telefon
934 96 482
E-post
post@fabrikkenkulturscene.no
Nettsted
Fabrikken Kulturscene
Om festivalen
QR-kode