Til toppen

Maarud/Raknes/Vespestad

Sjangeroverskridende samarbeid mellom tre kraftsenter i norsk musikkliv!
Maarud, Raknes og Vespestad er ein heilt unik trio. Berre historikken deira vil få den sindigaste musikkelskaren til å setje kaffen i halsen. No har dei slått seg saman og vorte ein trio der blues, rock, jazz og speleglede møtest i ein høgare, og lågare, eining. Det er leikent, det er utfordrande, det er rytmisk inspirerande, det er aus, pøs, melodiøst og dynamisk.
Steinar Raknes er ein av Noregs fremste kontrabassistar, og er også vokalist og låtskrivar. Raknes har vore ein sentral skikkelse innanfor norsk jazz dei siste 25 åra, med ein virtuos spelestil og elektronisk eksperimentering.
Amund Maarud er gitarhelten som elskar å tøye sjangerbåsar. Den premierte artisten blir omtalt som skaparen av norsk nu-blues.
Jarle Vespestad er ei norsk jazzlegende kjent frå m.a Farmers Market, Silje Nergård, Stian Carstensen og Tord Gustavsen.

Dato

13.01.2024
Utløpt!

Tid

20.00 - 21.00
Kategori

Arrangør

Parken kulturhus
Telefon
70162468
E-post
billett@alesund.kommune.no
Nettsted
Parken Kulturhus
QR-kode

Leave a Comment