Lesing og leselyst – inspirasjonskveld i Moa bibliotek
Program:
Bibliotekets litteraturpris – vi presenterer dei 10 bøkene som er nominerte.
Bibliotekets litteraturpris – vi presenterer dei 10 bøkene som er nominerte.
Lesegrupper – vi gir tips og råd til deg som allereie er med i ei lesegruppe og til deg som har lyst til å bli med i ei sånn gruppe. Kva med å starte ei lesegruppe for menn?
Bokhausten 2023 – vi gir deg smakebitar frå haustprogrammet på biblioteket og den kommande bokhausten
Bookbites og meirope bibliotek – tenester frå biblioteket som du kanskje ikkje visste om?
Å skape ein kultur for lesing er kjernen i verksemda til biblioteka. Regjeringa arbeider no med ein strategi for leselyst, og alle bibliotek kan bidra til å synleggjere det viktige arbeidet dei gjer for å skape leselyst. Biblioteka følger folk gjennom heile livet – og lesing er viktig uavhengig av livsfase.
Arrangementet markerer innleiinga på Nasjonale bibliotekdagar 2023 som går fram til 3. september.