Til toppen

Kulturkafé med Lars Viljo Trio og Ålesund kulturskole

Lars Viljo Trio vart født vinteren 2024, då fiolinisten Lars Viljo Fauske frå Sykkylven trengte eit komp til prøvespel. Han kontakta pianisten Dag-Filip Roaldsnes på Valderøya og tennfjording og bassist Lars Martin Vik. Bandet møttest i januar 2024 og tok opp eit par standardlåtar og ein sjølvskriven, som Lars sendte av garde.

Trioen let så bra at det ikkje berre resulterte i studietilbod på fleire av landet sine ypperste utdanningsinstitusjonar innanfor rytmisk musikk, men og i eit meir permanent musikalsk samarbeid som til no har ført til konsertar både i Sykkylven kulturhus og på Ingeløa på Valderøya. Det går enno gjetord om desse konsertane rundt om i bygdene, grunna Lars sitt sjarmerande og talentfulle vesen og spel, støtta opp av dei leikne leikne pianotonane og ein stødig bassbeat!

Lars Viljo er no student ved den særs anerkjende og høgt hengande jazzlinja på NTNU i Trondheim. Lars Martin Vik er utdanna ved den same linja og ved Rytmisk Musikkonservatorium i København, medan Dag-Filip Roaldsnes har utdanninga si frå Norges Musikkhøgskole. Dei har begge ein omfattande konsert-CV og diskografi i samarbeid med artistar og musikarar frå øverste hylle.

Elevar frå Ålesund kulturskule varmar opp, og sjølvsagt får du kjøpt varm og kald drikke, kaker og vaflar.

Kaféen opnar 12:30, musikken startar klokka 13:00.

Pris for vaksne: 100,– (inkl. ein kaffe eller te)

Alle under 18: Gratis!

  • Dører åpner: 12:30
  • Aldersgrense: Ingen
  • Pris:

    100,– for voksne (inkl en kaffe eller te)
    Under 18: Gratis

Stikkord: , ,

Dato

02.11.2024
Utløpt!

Tid

12.30 - 15.00

Sted

Sobra scene
Korsegata 6, 6002 Ålesund
Nettsted
https://www.sobrascene.no/?source=bypatrioten&medium=kalender

Arrangør

Sobra scene
E-post
asmund@sobrascene.no
Nettsted
Sobra Scene

Andre Arrangører

Ålesund Kulturskole
Telefon
70163480
E-post
kulturskolen@alesund.kommune.no
Nettsted
Ålesund Kulturskole
QR-kode