Forfattermøte – Mørke år og følelsar som går i arv
Møte mellom forfattarane Bjørn Westlie og Monica Csango på Moa bibliotek!
Jødehets og angrep på synagoger skjer framleis fleire stader i verda, og ifølgje Europarådet er rasisme, vald og hatytringar framleis eit aukande samfunnsproblem. Fleire tiår etter 2. verdskrig opplever verda også framvekst av autoritære styresett og truslar mot demokratiske samfunn, noko vi har sett både med Trump i USA og Putin i Europa. Vi inviterer til eit møte mellom forfattarane Bjørn Westlie og Monica Csango på Moa bibliotek. Her vil dei presentere bøkene sine, etterfølgd av ein samtale om fortida og dagens verdsbilete.
Bjørn Westlie har nyleg gitt ut boka Mørke år som set søkjelyset på antijødiske stereotypar, fordommar og framandhat mot jødar som florerte i det norske samfunnet på 30-talet. Mellom anna vart uttrykket «jødeproblemet» flittig brukt i norske aviser. Boka har skapt debatt om nordmenns eigne haldningar og ansvar, noko som har vorte overskygd av krigshandlingane til nazistane og tyskarane. Boka har engasjert og sjokkert mange, og den beskriv ei mørk side av Noregs historie.
Bjørn Westlies far var sjølv nazist og SS- soldat under krigen. «Som 7-8 åring forstod eg at nazisme og hakekors hadde noko med min fars historie – og dermed også med meg å gjere. Men det tok mange før eg forstod det fullt ut.»
Monica Csango har skrive ei rekkje kronikkar om menneskerettar, demokrati, og korleis det er å vera jøde i dag. I boka Fortielser- min jødiske familiehistorie har ho dykka ned i sin eigen families historie, og beskriv korleis følelsar går i arv gjennom generasjonar.
«Eg skulle bli vaksen før eg forstod at Holocaust handla om meg. At følelsar eg hadde båra på handla om nokon andre, men likevel ein del av mitt liv. Sjølv om det vart utveksla ord mellom menneska så låg meininga i alt det som ikkje vart sagt.»
Arrangementet er ein del av ei arrangementsrekkje om jødiske familiehistorier og antisemittisme som er støtta av Fritt Ord.