Fjord Cadenza 2026: Festkonsert – Freddie Mercury 80 år
Årets festkonsert under Fjord Cadenza skal hylle ein av dei aller største i populærmusikken, med Knut Marius Djupvik og Birgitte Velsvik saman med Sjøforsvarets Musikkorps. Freddie Mercury vart fødd 5. september 1946, og festivalen markerer 80-årsdagen hans med å løfte taket i Gomerhuset den 29. august.
Freddie Mercury var ein lidenskapeleg opera – og musikalelskar heile livet, og det er den arven konserten byggjer på. Første avdeling kretsar om musikken som forma han — frå opera og musikal til soul. I andre avdeling tek Queen over, med slagerar som «Bohemian Rhapsody», «We Are the Champions» og «Don’t Stop Me Now» i storslagne arrangement for korps, kor og solistar.
- Billett: https://billetto.no/e/festkonsert-freddie-mercury-80-ar-billetter-1958053?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
-
Pris:
Ordinær: 580,-
Honnør: 530,-
Student/under 30: 250,-