Fjord Cadenza 2025: Festkonsert: Odd René Andersen og Sjøforsvarets musikkorps
Årets store festkonsert under Fjord Cadenza er med sjølvaste Odd René Andersen!
Han vert omtala som Norges beste soulsongar, med ei heilt unik stemme. I 2023 gjekk han av med sigeren i Stjernekamp, og gjennom heile sesongen viste han oss at han fordjupar seg i melodiane og gjer dei til sine eigne – uansett kva sjanger han syng.
Sjøforsvarets musikkorps har etter kvart blitt ein kjær kjenning for Fjord Cadenza og festivalens publikum, og ein særs viktig del av våre storproduksjonar. Kjemien mellom vår eigen stjernedirigent Rune og Sjøforsvaret er så god at dei berre MÅTTE tilbake i år igjen, og det er ingenting vi gler oss meir over!
