Historiekveld i historiske Giske kyrkje
Noreg står no framfor to store nasjonale jubileum i dei komande åra. Neste år er det 1000 år sidan Olav Haraldsson fekk Kristenretten vedteken som norsk lov på alle tingsamlingar rundt om i landet og i 2030 er det 1000 år sidan slaget på Stiklestad.
Begge desse jubilea vil reise spennande debattar om norsk og europeisk rettstenking som grunnlag for menneskerettar og demokratiutvikling. I denne debatten, høyrer også historia om den mektige Arnungeætta frå Giske til. Difor vert det historiekveld, sjølv om det er eit spelfritt år i år.