Sommarles 2026
Bli med på den kulaste lesekampanjen i sommar!
Frå 1. juni til 31. august kan alle som går på 1.-7. trinn delta på Sommarles.no. Nytt av året er at det er tida du brukar på lesing som tel for å gå opp i level, ikkje antal sider. Sommarles gjer lesing endå kjekkare, og det er heilt gratis å vere med.
Kvar gong det blir registrert lesing, får deltakarane poeng og går etter kvart opp i level. I år er det tida deltakarane har brukt på lesing som gir poeng i Sommarles, framfor sider som tidlegare år. Talet på sider som er lesne vil framleis bli registrert automatisk.
Barna kan både få kule digitale trofé på nettsida og hente fysiske premiar på biblioteket. På Sommarles kan de også få lesetips og løyse oppgåver knytte til Sommarlesforteljinga for i år, som er skriven av forfattar Mari Moen Holsve.
- Aldersgrense: 1.-7. trinn