Påska i ord og tonar 2023
Konsert for øyre og hjarte.
Songmøte/Pasjonsgudsteneste med Sunnmøre kristelege mannskor, “Påskekoret”.
Sidan 1932 har det tradisjonsrike koret reist rundt i påska. Det er påskebodskapen som er det sentrale både i song og i tale. Repertoaret er hovudsakleg dei klassiske, evangeliske kor-perlene, men også nokre internasjonale folketonar. „Fastetid“, Himmelske Fader“, „Du sviktet aldri“ og „Høgt frå den himmelske klåra“ er nokre av songane publikum ventar å få høyre, men koret har også noko nytt i bagasjen på kvar turné.