Kjønn, identitet og barn: Samtale med Marit Bruset, Aud Farstad og Asle Offerdal
Etter tre foredrag om kjønn, identitet og barn er det nok mange spørsmål som har dukka opp. I denne samtalen skal vi snakke vidare om desse temaa med eit djupdykk i kjønnsinkongruens, transpersonar, behovet for definisjonar og retten til å velje sitt eiget kjønn.
Ålesundsbiblioteka er ein demokratisk og uavhengig møteplass der vi ønsker å belyse dette temaet på ein ryddig og inkluderande måte.
I samtalen møter vi Marit Bruset, psykologspesialist, Aud Farstad, historikar, og Asle Offerdal, psykologspesialist. Blant anna vil dei snakke om kva dei som fagpersonar har med seg i møte med personar som rapporterer kjønnsinkongruens og korleis dette kan påverke møtet. Dei vil også snakke om språket dei brukar og sjå på faktorar som påverkar språkbruken. Samtalen blir leia av biblioteksjef Nesteren Hasani.
Det er juridisk pålagt at bibliotek skal vere uavhengige debattarenaar. Marit Bruset og Aud Farstad tok kontakt med biblioteket i 2022 med ønske om å halde foredrag om kjønnsinkongruens hos barn, og lova av 2016 om skifte av juridisk kjønn og konsekvensar dette har for kvinner.
I vår oppgåve som debattarena er det biblioteket som har redaktøransvaret. Derav har vi laga ei samtalerekke der fleire perspektiv representerast. Denne rekka heiter Kjønn, identitet og barn. Vi legg vekt på at røyster med forskjellige synspunkt og ulik erfaring får sleppe til.
Vi inviterer difor til samtaledebatt på Moa bibliotek.
-
Pris:
Gratis