Til toppen

Katrine Langlo – pop og poesi

Katrine Langlo er ein dyktig låtskrivar og musiker frå Stranda som i løpet av det siste året har vekt merksemd regionalt gjennom TV-serien “Denne Stranda” på Sunnmøre Live, og med musikk i rotasjon på NRK Møre og Romsdal. Ho har også mottatt heider av Mållaget for bruk av dialekt og lokalt språk i musikk og poesi.
No er ho klar med den akustiske forestillinga Pop og poesi, der ho presenterer ein del av musikken og dikta ho har skrive til no.
Publikum kan glede seg til eit nært møte med ein sterk formidlar som får fram både alvor og humor i tekstane sine, gjennom personlege, politiske og sosiale tema. Det notoriske Bygdedyret kan også vente seg eit par reale og velretta spark. Låtane til Langlo er velarrangerte og pakka inn i eit varmt og akustisk lydbilete, godt hjelpt av to dyktige medmusikarar på scena.
Forestillinga har mottatt mykje god omtale:
«Balsam for sjela»
«Dette gjekk rett heim hos publikum, med ein god miks av humor og alvor»
“Ho treff spikaren på haudet – gong etter gong!”
«Ein sterk formidlar med gode tekstar som verkeleg når inn i hjertet»
«Ein dyktig låtskrivar og musiker som leverte ein veldig fin konsert! Dikta var humoristiske, og alvorlege, og ga rom for ettertanke»
Velkomen til ein kveld med god musikk og dikt som treff!
Katrine Langlo – vokal og piano
Aksel Helstad – gitar og bass
Malin Pålsson – vokal og perkusjon

Dato

30.10.2025
Utløpt!

Tid

20.00 - 21.30

Sted

Fabrikken Kulturscene
Molovegen 22, 6004 Ålesund
Nettsted
http://www.fabrikkenkulturscene.no/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
Kategori

Arrangør

Fabrikken Kulturscene
Telefon
934 96 482
E-post
post@fabrikkenkulturscene.no
Nettsted
Fabrikken Kulturscene
QR-kode