Til toppen

Jazzsirkelen: Sondre Ferstad: Pieces of Wood

Pieces of Wood er ei audiovisuell konsertframsyning. Musikk, trearbeid og live videokunst fyller ut og utvidar kvarandre til eitt felles kunstuttrykk.
På scena står ein trekunstnar saman med musikarane og skjer i ein treemne med knivar og huljern. Dunkinga frå treklubba blandar seg med musikken medan bakveggen blir fylt med live-improvisert film som syar konserten saman til ei heilskapleg filmatisk framsyning.
Verket er skriven av musikar og komponist Sondre Ferstad, for eit handplukka lag. Det er komponert som eitt langt stykke, i eit luftig, filmatisk, snirklete og melodisk univers. Medan musikken går kan publikum følgje trekunstnar Tore Reisch i hans utforming av eit tre-landskap – både med det blotte auge og gjennom videokunstnar Oscar Udbye sine live visuals.
Sondre Ferstad – munnspel, fele, trekkspel
Håkon Aase – fele
Kirsti Huke – vokal
Helge Andreas Norbakken – perkusjon
Vegard Bjerkan – piano og trøorgel
Tore Reisch – øks, knivar, huljern og handborr
Oscar Udbye – live visuals
Tor Breivik – lyd
Verket er bestilt av Trondheim Jazzfestival og hadde premiere 10. mai 2024 på Trykkeriet Scene.
Denne konserten er eit samarbeid mellom Fjord Cadenza og Jazzsirkelen og er støtta av Midtnorsk Jazzsenter
Stikkord: , , ,

Dato

06.03.2026
Utløpt!

Tid

19.00 - 20.00

Sted

Gomerhuset
Stadionvegen 25, 6260 Skodje
Nettsted
https://www.gomerhuset.no/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
Kategori

Arrangør

Fjord Cadenza
Telefon
466 51 225
E-post
post@fjordcadenza.com
Nettsted
Fjord Cadenza

Andre Arrangører

Jazzsirkelen
E-post
post@jazzsirkelen.no
Nettsted
Jazzsirkelen
Gomerhuset
Telefon
70244190
E-post
post@gomerhuset.no
Nettsted
Gomerhuset
QR-kode