Til toppen

Foredrag: Fedre og sønner av Dag Steinfeld

Ålesund bibliotek inviterer til føredrag med forfattar og advokat Dag Steinfeld. Her vil han presentere boka si Fedre og sønner, som er ei dramatisk forteljing om fire generasjonar i varm og kald krig.
Dag Steinfeld høyrde forteljingar om den jødiske familien sin på farssida frå han var liten. Dei hadde flykta frå fattigdom og forfølging i Russland på 1800-talet og etter kvart etablert seg med fleire forretningar i Noreg. Seinare døydde mange av dei i Auschwitz. Då Dag bestemmer seg for å undersøkje fortida, avdekkjer han ei eventyrleg klassereise og stor rikdom, men også kraftige konfliktar. Gjennom to verdskrigar, økonomiske krisetider og kald krig står fedrar og søner mot kvarandre i familien. Han har sjølv stått i ein slik konflikt med far sin. Men dette er også ei historie om vennskap, samhald og kjærleik. Kom på Ålesund bibliotek og høyr ei gripande forteljing om dei siste hundre åra i Europa – slik éin familie har opplevd dei.
Føredraget er gratis og ope for alle.
Arrangementet er ein del av arrangementsrekka Jødiske familiar i krig og fred, og er støtta av Fritt Ord.

Dato

09.11.2023
Utløpt!

Tid

18.00 - 19.30

Sted

Ålesund bibliotek
Keiser Wilhelms gate 16, 6003 Ålesund
Opening Hour
10.00-19.00 mandag-torsdag. 10.00-16.00 fredag. 10.00-15.00 lørdag.
Nettsted
https://alesundsbiblioteka.no/biblioteka/alesund/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Ålesund bibliotek
Telefon
70162260
E-post
mailto:alesund.bibliotek@alesund.kommune.no
Nettsted
Ålesundsbiblioteka
QR-kode

Leave a Comment