Til toppen

Folk i Aalesund presenterer: Kvernberg/Bjørdal på Fiskerimuseet

Jorun Marie Kvernberg og Kristina Farstad Bjørdal har dei siste åra utvikla eit tett og spanande duosamarbeid, der folkemusikk og kunstmusikk møtest på ein måte som kjennest både sjølvsagt og overraskande.

I samspel og arrangement spelar dei på kvarandre sine sterke sider: det rytmiske drivet, dei små nyansane og den munnlege tradisjonen frå folkemusikken, og det klanglege, dynamiske og virtuose frå kunstmusikken.

Jorun Marie Kvernberg er ein av dei mest markante folkemusikarane i landet, kjend både som felespelar, hardingfelespelar, songar og komponist. Ho har ei heilt eiga formidlingsevne og eit uttrykk som rommar både det rå, vare og det finurlege. Som komponist har ho markert seg sterkt både innan folkemusikk og kunstmusikk, og har motteke fleire prisar og bestillingar.

Kristina Farstad Bjørdal er ein særs allsidig akkordeonist og trekkspelar, med bakgrunn frå både folkemusikk, improvisasjon, samtidsmusikk og klassisk musikk. Ho har ei sjeldan evne til å finne balansen mellom det kraftfulle og det lyttande, og tilfører samspelet både presisjon, varme og stor musikalsk energi. Bjørdal er òg ein viktig tradisjonsberar innan folkemusikken på trekkspel, og vart i 2021 tildelt Bolstadprisen for arbeidet sitt.

Dei historiske omgjevnadene på Fiskerimuseet skaper ei intim og stemningsfull ramme rundt konserten, og legg til rette for ei nær musikalsk oppleving.Fylkeslaget moro leia av Britt Elise Skram spelar til dans etterpå saman med fleire spanande aktørar.Arrangementet er støtta av Kulturrådet

Dato

06.06.2026
Utløpt!

Tid

18.00 - 19.30

Sted

Fiskerimuseet
Molovegen 10, 6004 Ålesund
Opening Hour
12.00-16.00 lørdag.
Nettsted
https://www.vitimusea.no/musea/fiskerimuseet?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
Kategori

Arrangør

Aalesund Folk Festival
Telefon
46945514
E-post
aalesund@folkfestival.no
Nettsted
Aalesund Folk Festival

Andre Arrangører

Viti
Telefon
70239000
E-post
post@vitimusea.no
Nettsted
Viti
QR-kode