Til toppen

Arne Hjeltnes og Roger A. Ivin: Ståbass og heimelaga lyrikk

Arne Hjeltnes og Roger Allan Ivin – «Kontrabass og heimelaga lyrikk»
Kva skjer når du set Arne Hjeltnes sine skråblikk, historier og heimelaga lyrikk saman med ein kontrabass og ein særs musikalsk sogning?
Det blir både morosamt, varmt og ganske sikkert litt uforutsigbart.
Arne Hjeltnes treng knapt nokon introduksjon. Gjennom mange år har han vore programleiar, forfattar, næringslivsmann og formidlar – alltid med den lune humoren og det skarpe blikket for folk, kvardagsliv og dei små absurditetane rundt oss.
Med seg til Fabrikken har han Roger Allan Ivin , ein svært erfaren musikar med ei imponerande merittliste. Roger er blant anna fast musikar saman med Heine Totland og tidlegare bassist i Trang Fødsel. Denne kvelden kjem han med sin akustiske kontrabass, Charlene Chadwick .
Det har vore sagt at Roger er ei krysning mellom Heine Totland og Arne Hjeltnes. Det lovar i grunnen godt.
Arne og Roger har gjort mykje moro saman, og kombinasjonen av kontrabass, lyrikk, historier og lun humor har vist seg å fungere forbausande godt. Begge kan halde eit publikum i ånde kvar for seg. Denne kvelden får du begge to – på nært hald i Bar Bakke.
Velkommen til ein uhøgtideleg og underhaldande time med musikk, dikt, historier og to karar som trivst svært godt i kvarandre sitt selskap.
  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

04.09.2026

Tid

19.30 - 21.00

Sted

Fabrikken Kulturscene
Molovegen 22, 6004 Ålesund
Nettsted
http://www.fabrikkenkulturscene.no/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Fabrikken Kulturscene
Telefon
934 96 482
E-post
post@fabrikkenkulturscene.no
Nettsted
Fabrikken Kulturscene

Andre Arrangører

Ålesund gatefestival
Telefon
916 20 572
E-post
post@bypatrioten.com
Nettsted
Ålesund gatefestival
Facebookarrangement
QR-kode