I foredraget tek Line for seg strikkehistorie, korleis vi tradisjonelt har lært handverket, og kva som kanskje har endra seg. (ca kl. 18.30 – 19.15)
Vi oppmodar deg til å komme også om du har lyst til å lære å strikke, vi har pinnar og garn om du vil prøve deg. Eller kanskje har du støtt på eit problem i strikkinga di som vi kan løyse i fellesskap?
– Kafeen blir open med anledning til å kjøpe både noko å drikke og bite i.
– Tilbodspris på fine strikkepakkar i museumsbutikken. I tillegg trekk vi ein pakke blant deltakarane.
Vi gler oss til å sjå deg!