På dagtid: rådgivningstime med bygningskonservator
Visste du at Jugendstilsenteret og KUBE har ei rettleiingsteneste for alle som bur i eller arbeidar med jugendstilarkitektur? Som del av jubileumsåret har vi jobba for å utvide denne tenesta, og lanserte ein digital rettleiar for jugendstilarkitektur på våre nettsider. No ønsker vi å gjere fleire oppmerksam på tenesta og inviterar derfor til rådgivningstime på Jugendstilsenteret.
Tirsdag 26. september vil vår bygningskonservator Signe Svoen være tilgjengelig i ein time i lunsjen for alle som ønsker å komme innom med sine spørsmål. Ho kjem til å sitte i kafeen der det vil bli høve til å kjøpe seg forfriskningar og noko søtt til kaffen for dei som ønsker det.
