Til toppen

Utstillingsåpning: KARBONNERVE

KARBONNERVE søkjer å gi poetiske uttrykk for karbonet sine uransakelege vegar med vekt på grafiske metodar og skulpturelle verkemiddel.
Utstillinga er sett saman av individuelle verk av Elin Kjøsnes, Lillian Bjørdal og Märet Aronsson og utval frå den kollektive produksjonen av fem objekt: ei bok, ei mappe, ein bokrull, ei trekkspelbok og ein serie kart.
KARBONNERVE har sine røter i grafikkprosjektet Trykk i sanntid organisert av kunstnarane Kjellaug Hatlen Lunde, Åse Anda og Rita Marhaug.
I fem år deltok til saman 64 kunstnarar i prosjektet der føremålet var å binde saman ti grafikkverkstadar gjennom å lage fem felles kunstverk. I fem år samla kunstnarane seg til sommarsolkverv. Gjennom intense timar arbeide dei fram sine einskilde delar til fellesobjekta.
Trykk i sanntid har så langt også resultert i sju ulike utstillingar: Karbonavtrykk, Karbonfangst, Karbonlagring, Karbonsyklus, Karbonpuls, Karbonhjarte og no KARBONNERVE.
Titlane er kjente omgrep med sentral plass i miljø- og klimadebatten. Dei knyter seg til problemstillingar som også gjeld vår eigen praksis som kunstnarar, -ofte med stor reiseaktivitet og trong til lagring av store mengder digital informasjon, begge deler energikrevjande. Slik skriv kunstnaren –som folk flest, seg inn i den karbondrivne økonomien sitt krinslaup.
Kunstnarar: Elin Kjøsnes, Lillian Bjørdal, Märet Aronsson
Kuratorar/organisatorar: Åse Anda, Kjellaug Hatlen Lunde og Rita Marhaug
Gratis inngang!
Velkommen!
  • Pris:

    Gratis og åpent for alle

Dato

17.04.2026
Utløpt!

Tid

19.00 - 21.00

Sted

Mottaket Kunstscene
Nedre Strandgate 2A, 6004 Ålesund
Nettsted
https://www.aggregatkunst.com/mottaket-kunstscene/?source=bypatrioten&medium=kalender
Kategori

Arrangør

Mottaket Kunstscene
E-post
mottaketkunst@gmail.com
Nettsted
Mottaket Kunstscene
QR-kode