Til toppen

Terrassehagen kommer til Ålesund

Drøymer du om ein frodig hage med blomstring gjennom heile sesongen? Eller elskar du berre å samle nye idéar til uterommet ditt? Da bør du få med deg denne kvelden!

Eivind Bjørkgård Moe, kjend som Terrassehagen på Instagram, kjem til Ålesund for å dele dei beste tipsa sine, sine erfaringar og sine favorittplantar.

Frå ein terrassehage på berre 50 m² til ein frodig hage på rundt eit halvt mål – Eivind viser korleis smarte planteval, spennande kombinasjonar, høgder, former og kontrastar kan skape ein hage med djupne, variasjon og små overraskingar rundt kvar sving.

Du får blant anna høyre om:

  • Korleis skape ein frodig hage – òg på liten plass.
  • Plantar som gir blomstring gjennom heile sesongen.
  • Bruk av staudar, tre og prydgras for å skape heilskap.
  • Favorittar som japanske lønner og hakonegras.
  • Korleis byggje gode sosiale soner i hagen.

Dette blir ein kveld full av hageglede, inspirasjon og konkrete idéar du kan ta med heim – anten du er fersk hageeigar eller har grøne fingrar frå før. Vi sel lodd i pausen og har fine premiar som alltid. Det blir òg høve til å stille spørsmål og få gode svar.

Ålesund og omegn hagelag gler seg til å sjå både nye og gamle hagevener!

  • Pris:

    Ordinær: 250,-
    Medlem i Ålesund og omegn hagelag: 150,-

  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

22.09.2026

Tid

18.00 - 19.00

Sted

Sunnmøre museum
Museumsvegen 12, 6015 Ålesund
Opening Hour
12.00-18.00 tirsdag-fredag. 12.00-16.00 lørdag-søndag.
Nettsted
https://www.vitimusea.no/musea/sunnmoere-museum?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Viti
Telefon
70239000
E-post
post@vitimusea.no
Nettsted
Viti

Andre Arrangører

Ålesund og omegn hagelag
Arrangementslenke
QR-kode