
Sommaraktivitetar 7.-9.august 2026

Med dyktige leiarar frå Sunnmøre friluftsråd og med base på Rjånes badestrand blir det masse kjekke sommarktivitetar med bading, fisking, SUP padling og leikar m.m.
To av dagane planlegg vi fellesmåltid med mat på bål/grilling, men ein av dagane må du ta med eigen niste.
Vi håpar også å få til ein båttur og ekspedisjon ut til Raudøya og ein fjelltur.
Pris: Kr 300.- per person som eit bitte lite tilskot til aktivitetar og mat m.m.
Ta kontakt om prisen er eit hinder for delta.
Rjånes badestrand i Ørsta finn du her: Klikk her for Google map
Aktivitetar
Med litt tilpassing etter vêr og vind blir det:
- Bading
- SUP padling
- Fisking
- Volleyball
- Andre ballspel og leikar
- Båttur til Raudøya?
- Mat på bål
- Fjelltur
Pris: kr 300 (Informasjon om betaling blir ettersendt til påmeldte)
Kven: Ungdom mellom 13 – 17 år
Dato: 7.-9. august (alle dagar kl 1100-1700)
Stad: Rjånes badestrand i Ørsta
Detaljert pakkeliste blir sendt til påmeldte.
Påmeldingsfrist fredag 19.juni!
Meld deg på så raskt som råd på skjemaet under.
Det er avgrensa tal deltakarplassar på grunn av transport og friluftsrådet sitt leiararansvar med vassaktivitetar for ungdom.
Informasjon om betaling og meir detaljert informasjon blir sendt ut etter påmeldingsfristen.
Lite atterhald
Sommarcampen blir gjennomført med minimum 8 påmeldte deltakarar.
- Billett: https://friluftsraadet.no/sider/sommarcamp-7-9-august?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
- Aldersgrense: 13 - 17 år
-
Pris:
Gratis