Ledelse av nødhjelpsarbeid i krig og konflikt – foredrag av Elizabeth Hoff
«Ledelse av nødhjelpsarbeidet i krig og konflikt»
Eit dagsaktuelt tema som set fokus på dei store utfordringane i internasjonalt nødhjelpsarbeid.
Stad: Fogdegården. NTNU
Parkeringsplassen er open frå kl 17.15.
Elizabeth Hoff frå Ålesund er sjukepleier og jordmor og har lang erfaring frå både å leie internasjonalt nødhjelpsarbeid og ikkje minst sjølv ta aktivt del i arbeidet der det er krig og konflikt.
Ho har i over tre tiår jobba i nokre av verdas mest konfliktfylte land og områder. Hennar innsats for å sikre medisinsk hjelp til millionar av menneske i konfliktsoner har gjort henne til ein inspirerande leiar innan global helse. Dette i ei verd der dei fleste helsearbeidarar er kvinner, medan leiarane deira er menn.
Elisabeth Hoff vart i 2021 utnemnd til kommandør av St.Olavs orden for sin eineståande innsats.
I 2018 vart ho tildelt Gunnar Sønstebys minnefond. Prispengene gav ho til eit humanitært prosjekt som ho driv i Syria, ho vart også Årets Peer Gynt.
I 2017 mottok ho Erik Byes Minnepris.
I 2019 kom det ut ein biografi om henne.
I si tid som WHO sin representant i Syria 2012–2019 bygde ho opp eIt hjelpeapparat frå sju til over to hundre medarbeidarar. I juli 2019 vart ho WHO sin representant i Libya
-
Pris:
Ikke-medlem: 150,-
Medlem i Ålesund Senioruniversitet: gratis