Til toppen

Høstscena 2026: Kjærast

Nobelprisvinnar Jon Fosses einaste originalskrivne spelefilmmanus blir no film. Manuskriptet til Kjærast byggjer ikkje på Fosses
litterære eller dramatiske utgivingar, men er ei originalhistorie skriven for film og Erik Poppe.
Filmen er ei sår, visuell og sterk historie om kjærleiken og krafta i lengten.
Asle og Gerd finn kvarandre i ein liten kystby lengst vest ut mot havet. Dei blir foreldre til ein gut, og for ei stund er lykka fullkommen. Men Asle er ikkje like rotfesta som Gerd. Som sjømann søkjer han seg vekk.
Gerd er tilbake i det vesle huset, åleine med barnet, medan avstanden mellom henne og Asle veks. I Fosses særeigne, minimalistiske stil, blir det usagde formidla gjennom knapp dialog, blikk, overraskande skift, stilla og eit brutalt, vakkert landskap. Framdrifta i historia ligg ikkje i ei ytre dramatisk
handling, men i ein sterk sympati for lagnaden til dei tre, Gerd, Asle og guten. Einsemda tærer, kjærleiken falmar, og i skuggen av
havet blir det ubønhøyrlege spørsmålet stilt: Kor mykje avstand toler kjærleiken?
  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

27.09.2026

Tid

19.00 - 20.30

Sted

Løvenvold Theater
Løvenvoldgata 11, 6002 Ålesund
Nettsted
https://lovenvoldtheater.no/?source=bypatrioten&medium=kalender
Kategori

Arrangør

Høstscena
Telefon
70 16 27 50
E-post
siri@hostscena.no
Nettsted
Høstscena

Andre Arrangører

Løvenvold Theater
E-post
kathrine@momentium.no
Nettsted
Løvenvold Theater
Facebookarrangement
QR-kode