Til toppen

Foredrag: Påvirkning og manipulasjon som geopolitisk maktmiddel

Ålesund Senioruniversitet inviterar til eit nytt spennande føredrag. Denne gongen om påverknad og hybridkrigføring
Torsdag 28. mai kl 18.00.
Stad: NTNU, Campus, Naftadjupet.
Korleis bruker Russland nettet, sosiale medier og KI i hybridkrigføring? Korleis kan vi bli påverka og manipulert – og korleis kan vi stå imot?
Dette er tema når ESKIL GRENDAL SIVERTSEN kjem for å halde eit aktuelt og engasjerande føredrag:
«PÅVERKNAD OG MANIPULASJON SOM GEOPOLITISK MAKTMIDDEL»
Sivertsen er spesialrådgivar i C-SPI-prosjektet (Cyber-Social Propaganda & Influence) og ein av Noregs fremste ekspertar på kognitiv krigføring og påverknadsoperasjonar. Med brei erfaring frå både forsvarssektoren og strategisk kommunikasjon, gir han eit unikt innblikk i korleis samansette truslar verkar – og kva vi kan gjere for å styrkje vår eigen motstandskraft.
Han har arbeidd med strategisk kommunikasjon i over 20 år, både sivilt og militært, og har vore rådgivar for fleire forsvars- og utanriksministrar. Han har og vore offiser i psykologiske operasjonar i Forsvaret. Sivertsen er også ein etterspurd foredragshaldar og mediekommentator.
Dette foredraget gir publikum både kunnskap, refleksjon og konkrete perspektiv på ei av vår tids viktigaste utfordringar.
Vel møtt til eit lærerikt og tankevekkjande arrangement!
Parkeringsplassen er open frå kl 17.15.
Kaffe og sveler etter føredraget
Gratis for medlemmar.
Kr 150 for andre.
Ynskjer du å bli medlem sjå www.aasu.no
  • Pris:

    Ordinær: 150,-
    Medlem i ÅSU: gratis

Dato

28.05.2026
Utløpt!

Tid

18.00 - 19.00

Sted

NTNU Ålesund
Larsgårdsvegen 2, 6009 Ålesund
Nettsted
https://www.ntnu.no/alesund?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
Kategori

Arrangør

Ålesund Senioruniversitet
E-post
post@aasu.no
Nettsted
Ålesund Senioruniversitet
QR-kode