Foredrag på Sunnmøre museum: Per Ratvik – odelsgut, Lingemann og krigskronikør
Sunnmøre Museumslag ønskjer velkomen til spennande søndagsforedrag ved Oddbjørn Hofseth.
Per Ratvik frå Ratvika gjekk frå å vere gardbrukar utan militær bakgrunn til å bli motstandsmann og soldat i Kompani Linge under den andre verdskrigen. Etter teneste i Nortraship i London deltok han i hemmelege oppdrag i det okkuperte Noreg.
Etter krigen flytta han til Oslo, der han arbeidde med kultur, media, film, journalistikk og litteratur. Samstundes sette krigen djupe spor. Alvorlege helseplager førte til eit sterkt engasjement for krigsinvalidar, og han døydde berre 43 år gammal.
Foredragshaldar og historikar Oddbjørn Hofseth (f. 1978) er grandnevøen til Per Ratvik. Gjennom meir enn ti år har han bygd opp eit omfattande arkiv etter grandonkelen, og arbeider no med ein biografi om han.
- Billett: https://www.vitimusea.no/arrangement/per-ratvik-odelsgut-linge-mann-og-krigskronikoer?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
- Pris:
Kr 100
Gratis for medlemmer i Sunnmøre Museumslag