Foredrag på Sunnmøre museum: Opplysning, språk og vegens spor
Sunnmøre Museumslag ønskjer velkomen til søndagsforedrag ved kulturhistorikar Knut Baar. I foredraget set Baar søkjelyset på Sunnmøre si rolle for kommunikasjon og samferdsel i nasjonsbygginga
Opplysningstidas idear la grunnlag for meir enn tankar – dei vart teknologiske løysingar som forma eit land og ein nasjon.
På Sunnmøre, eit Noreg i miniatyr med fjell, fjord og hav, vart kunnskap omsett til handling. Fyrbyggarar tende lys langs ei lunefull kystlinje, og vegbyggarar sprengde seg gjennom stupbratte fjellsider for å opne vegar, som den spektakulære Geirangervegen.
Foredraget set fokus på samferdsel i vid forstand, og viser at kampen mot avstand og naturen sine grenser var ei føresetnad for fellesskap – og korleis idear, språk og infrastruktur har bunde Sunnmøre og Noreg saman.
Knut Baar har i ei årrekke arbeida med kulturhistorisk samferdsel, og dei ulike rollene og funksjonane, både i Riksarkivet, i Kystverket og ved fleire museumsinstitusjonar. I dag arbeider han ved Norsk vegmuseum.
-
Pris:
Kr 100. Gratis for medlemmer i Sunnmøre Museumslag