Foredrag: Norsk suverenitet på Svalbard
Ålesund Senioruniversitet opnar haustsemesteret med eir svært aktuelt føredrag.
Torsdag 27. august kl. 18.00–19.00
NORSK SUVERENITET PÅ SVALBARD
– i møte med internasjonale sikkerheitspolitiske, beredskapsmessige og økonomiske utfordringar.
Føredragshaldar er Arild Moe, seniorforskar ved Fridtjof Nansens Institutt (FNI), ein av Noregs fremste ekspertar på nordområdepolitikk, Arktis og internasjonale rammevilkår for skipsfart.
Moe har gjennom ei årrekkje forska på skipsfart i Arktis, med særleg vekt på dei politiske og juridiske rammene for ferdsel langs Nordaustpassasjen. Norsk politikk i nordområda, og spesielt Svalbard si rolle i eit stadig meir krevjande internasjonalt landskap, har vore ei sentral forskingsinteresse.
I føredraget vil han belyse korleis Svalbard har fått auka strategisk betydning, og kva utfordringar Noreg møter når det gjeld suverenitet, beredskap, internasjonalt samarbeid og økonomiske interesser i nord.
Temaet er høgaktuelt og gir innsikt i eit område som har fått stadig større merksemd både nasjonalt og internasjonalt.
Føredraget er ope for alle. Det er gratis for medlemmer av Ålesund Senioruniversitet , kr 150 for andre. Det blir servert kaffi og sveler etter arrangementet.
Stad: Naftadjupet, NTNU i Ålesund.
Parkeringsplassen er open frå kl 17.15
-
Pris:
Ordinær: 150,-
Medlem av Ålesund Senioruniversitet: gratis