Anders Heger: Wanda. En familiehistorie
I Wanda. En familiehistorie fortel Anders Heger historia om mor si, Wanda Heger – eit varmt portrett av eit ekstraordinært kvinneliv, ei dramatisk krigsforteljing og ei sterk historie om kva einskildmenneske kan utrette.
Då ho var 21 år gammal, vart Wanda Heger og familien hennar sivilinternerte i Tyskland. Dei hamna på eit slott ikkje langt frå konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Driven berre av eit ønskje om å hjelpe, tok Wanda med seg nokre norgesglas med kokte poteter, gjekk opp til leirporten, banka på og bad om å få levere dei til fangane.
Denne i og for seg uskuldege handlinga skulle bli starten på ei lang og dramatisk rekkje av hendingar som kulminerte i ein av dei mest fascinerande redningsaksjonane under andre verdskrigen: dei kvite bussane, som redda over 15 000 fangar i sluttfasen av krigen. Historia rommar òg ei svært spesiell og i utgangspunktet utenkjeleg kjærleikshistorie.
Forteljinga har historiske, politiske og mellommenneskelege sider som strekkjer seg heilt inn i den nazistiske toppleiinga, dei norske, svenske og danske regjeringane, det internasjonale Røde Kors og ei lang rekkje internasjonale aktørar. For Wanda og Bjørn Heger (foreldra til forfattaren) og dei sivilinternerte i Berlin var det likevel den nære kontakten med fangane – det illegale og svært farlege samarbeidet på bakkenivå – som stod i sentrum.
Vi møter Anders Heger i samtale med bibliotekar Sigurd Bjørnstad Syversen.
Arrangementet er støtta av Kulturrådet.
Gratis og ope for alle!