8. marsgudsteneste
TEMAGUDSTENESTE I BORGUND KYRKJE
på den internasjonale kvinnedagen søndag 8. mars 2026
På den internasjonale kvinnedagen, søndag 8. mars 2026, ønsker 8.mars-komiteen i Borgund velkomen til temagudsteneste i kyrkja!
Temaet i år er «Som i ein spegel»
Å feire kvinnedagen lokalt, styrkar solidaritet mellom kvinner globalt. I alle verdas land handlar det om å løfte ‘kvinner, liv, fridom’.
Denne kvelden i kyrkja oppfordrar vi til å møte andre og oss sjølve «Som i ein spegel» og til å utforske kva det kan bety å vere ein spegel for andre. Kven ser eg når eg møter mitt eige bilde i spegelen? Kven ser du når du ser meg? Ser vi også eit skin av Gud når vi ser «Som i ein spegel»?
Det blir musikkinnslag ved Robert Post.
Gudstenesta blir tolka til teiknspråk.
Takkofferet gir vi til KFUK/M Global sitt arbeid i Palestina.
Medverkande i gudstenesta er:
Anne-Helen Roaldsnes, Mary Rowland, Kari Vatne, Ann Kristin Langeland, Stine Lerheim ,prestar, Kjetil Kvangarsnes, kantor, Erlend Lunde, sokneprest i Døves menighet
Robert Post, solist.
K-forum (KFUK) inviterer til kaffi i kyrkja etter gudstenesta.
Arrangør: 8.mars-komiteen i Borgund kyrkjelyd
Ta gjerne med ein venn, alle er velkomne!