Til toppen

22.juli-markering i Ålesund

15 år etter minnest vi dei som døydde i terrorangrepet på Utøya og regjeringskvartalet 22. juli 2011. Og vi spør i 22.julisamtalen under arrangementet om demokratiet har vorte sterkare eller skjørare sidan då?
Markeringa skjer i Spjelkavik kyrkje og ved minnesteinen utanfor kyrkja. Alle er velkomne til å vere med på heile eller delar av arrangementet!
⚪Kl 16.00: Opa kyrkje med musikk og tid og ro til ettertanke.
⚪Kl 16.30: Samling ved minnesmerket der namnet til alle dei 77 som omkom på Utøya og regjeringskvartalet blir lest opp. Det blir kransenedlegging ved ordførar i Ålesund, Håkon Lykkebø Strand, krans frå AUF og Støttegruppa etter 22. juli i tillegg til musikalske innslag ved Audun Skorgen.
⚪Kl 17:15: 22.juli-samtale i kyrkjekjellaren. Temaet er demokratiet 15 år etter 22. juli 2011. Kva har skjedd? Har det blitt sterkare eller skjørare? Vi ser på det spesielt med tanke på ytringsfriheit, truslar og krefter som destabiliserer og vil splitte oss som folk. Deltakarane representerer ulike samfunnsinstitusjonar og innfallsvinklar til temaet, som politi, media, det politiske miljøet og ungdom og AUF.

Dato

22.07.2026
Utløpt!

Tid

16.00 - 18.00

Sted

Spjelkavik kirke
Vestmoa 20, 6018 Ålesund
Nettsted
https://www.spjelkavik.kyrkjelyd.no/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Ålesund kommune
Telefon
70162000
E-post
postmottak@alesund.kommune.no
Nettsted
Ålesund kommune
QR-kode