Utstillingsåpning: Vestlandsutstillingen 2024
Velkomen til opninga av Vestlandsutstillingen 2024!
I høve opninga vil det vere ein samtale mellom kurator Bjørn Hatterud og styreleiar for Vestlandsutstillingen Marius Moldvær som ein del av Billedkunst Live, produsert i samarbeid med Jugendstilsenteret og KUBE og Vestlandsutstillingen. Samtalen finn stad i Overlyssalen kl. 18, før den offisielle opninga kl. 19. Samtalen er ope for publikum og blir strømma.
Vestlandsutstillingen er ei årleg utstilling sidan 1922 med verk av kunstnarar som har tilknytting til Vestlandet. Utstillinga skal vise fram samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena slik den føregår i lokale, nasjonale og internasjonale kontekstar ut mot resten av landet.
Kunstnere: Unni Marie Lien, Preben Solevåg, Darryn Lee, Nora Adwan, Terje Grimen, Solfrid Aksnes, Nina Eriksson, Lars Korff Lofthus, Helge Skodvin, Amund Gravdal, Eirik Brandal, Tor Jørgen van Eijk, Eirik Falckner, Turid Sværen, Endre Aalrust, Audar Kantun, FAT (Anja Tveiterås & Fredrik Alden Thorsen)
Kurator: Bjørn Hatterud (fødd 1977) er kvart sunnmøring, har eit tverrfagleg kunstfagleg virke, og er i sitt arbeid særleg oppteken av motsetningspara høg-/lågkultur, konformitet/motstand og normalitet/avvik. Han er forfattar, musikar, kritikar og kurator, med ei lang rekkje utgjevingar og prosjekt i ulike sjangrar og kunstuttrykk bak seg. Han har saman med Jan Grue og Olaug Nilssen mottatt Fritt Ords Pris for sitt «bidrag til å belyse samfunnssituasjonen og ytringskulturen til funksjonshemmede i Norge». Kurator for Vestlandsutstillingen 2024.
Årets visningsturné:
21. mars – 28. april
Rogaland Kunstsenter, Stavanger
Rogaland Kunstsenter, Stavanger
23. august- 22. september
Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Førde
Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Førde
3. oktober – 3. november
Jugendstilsenteret og KUBE, Ålesund
Jugendstilsenteret og KUBE, Ålesund