Til toppen

Trond Granlund: Sanger jeg lærte av Jokke

Trond Granlund er verkeleg ein av veteranane innan norsk pop og rock.
Han slo igjennom på slutten av 70 talet med låta ”Say we’re not apart” som var ei hyllest til Elvis . Før det hadde han sunge rock and roll – og spelt med danseorkesteret Unimits.
På 80 talet vart det verkeleg fart på sakene og han selde meir plater enn nokre andre norske artistar i ein periode. Vi kan nemne hittar som Girl 16, Lisa, Starstruck , Julia , Driftin osv.
På 90 talet og fram til i dag har han sunge for det meste på norsk i roots/country/rock sjangeren og hausta særs gode kritikkar.
Han har lansert sin eigen biografi, som heiter ”På veg til rock and roll”,
Har hatt ein stor hit, ”Himmelvogna” som han laga saman med Bjelleklang , eit samarbeid som vart vidareført på hans neste plate som kjem seinare i år.
I 2010 gav han ut plata «Sanger jeg lærte av faren min» som selde bra og førte til direkte send konsert på NRK P1 – som også vart sendt på TV på seinsommaren 2010, og i 2012 kom hans hittil seinaste: «Bror min og jeg». Desse platene aktualiserte Granlund for alvor og etterspurnaden kom frå heile landet. Spesielt Granlunds versjon av «Dei nære tinga» vart godt likt.
Ved sida av å turnere med songane frå den lange karrieren hans har han turnert med førestillingar om «The Beatles» saman med m.a. Atle Pettersen. Desse showa har vore stor suksess som har teke for seg Beatles år for år sidan 1963. Namnet på showet er «It was fifty years ago today.» I tillegg har han også hatt vikaroppdrag i førestillingane om «Elvis» som blir spelt rundt på kulturhus.
Granlunds nyaste prosjekt er plata «Sanger jeg lærte av Jokke» , som er Granlunds tolkingar av Joachims Nielsen songar. Plata har kritikarrost og blei nominert til Spellemannspris 2022.
Repertoirmessig speler han utdrag frå dei norske platene han har laga gjennom dei 25 siste åra i ein akustisk setting.

Dato

21 sep 2023
Utløpt!

Tid

20.00 - 21.00

Sted 2

Parken kulturhus
Parkgata 3B, 6003 Ålesund
Kategori

Arrangør

Parken kulturhus
Telefon
70162468
E-post
billett@alesund.kommune.no
Nettsted
Parken Kulturhus
QR-kode