Torader i Nordvest
Med denne konserten set laget fokus på bruken av toradaren både i folkemusikken og i populærmusikken. I år har laget fått med seg Spelemannslaget, Toradergruppa, og Spele-og Dansarlaget frå U.L. Ivar Aasen.
I tillegg kjem også «Grendalaget» frå Vestnes, Volda Toraderlag og «Laatlaget», ei gruppe som spring ut frå det Ålesundsbaserte mannskoret «Varde». Det vert også nokre soloinnslag frå medlemer i dei ulike gruppene som er med!
Det har vore godt med folk innom «Torader i Nordvest», og mange ser fram til dette arrangementet i lang tid. For musikarane er det veldig kjekt å få vise seg fram, og framføre musikken som ein arbeider med.
Søndagens familiekonsert er gratis for alle besøkande på museet, og går føre seg i salen ved sidan av museumskafeen. Detaljert program blir slått opp, og det er berre å kome innom.
-
Pris:
Gratis inngang!