Til toppen

Teatret Vårt: Julekveld med Teskjekjerringa

Musikalsk juleforestilling for heile familien

Teskjekjerringa elskar jula. Men om ho får det for travelt kan ho bli så lita som ei teskei! Korleis unngår ho at det skjer på sjølvaste julekvelden , når mannen er oppkava og må på juletrehogst, nabokjerringa spionerer i kjøkkenvindauget og ho sjølv skal bake, vaske og pynte til jul??

Teskjekjerringa er både rampete og snill. Når ho blir lita, forstår ho ting som ingen andre voksne kan – til og med kva dyra seier! Alle folk og dyr er like mykje verdt for Teskjekjerringa. Ho hjelper andre når ho kan og deler raust av det ho har. Prøysens jordnære univers har ein humoristisk snert som saman med leikne dekorasjonar, kostymer og musikk fengjer både store og små!

Historia om Teskjekjerringa minner oss på at om ikkje alt blir som vi hadde tenkt, så blir det kanskje minst like bra likevel. – Og kanskje kjem julenissen?

Passar for heile familien.

Varer i ca 50 min

Dramatisert av
Kjersti Botn Sandal

Basert på
Alf Prøysens bøker

Regi
Kjersti Botn Sandal

Scenografi og kostymedesign
Leiko Fuseya

Lysdesign
Jonas P. A. Fuglseth

Musikk
Jonas Høgseth

Koreografi
Nikita Kistochka

Med
Kjersti Botn Sandal, Johanna Mørck, Sara Fellman og danseelever fra NOISE

  • Pris:

    Pris kommer

Dato

12 des 2023
Utløpt!

Tid

18.00 - 19.00

Mer info

Les mer

Sted

Arbeideren kulturhus
Lorkenesgata 2, 6002 Ålesund
Opening Hour
09.00-15.00 mandag-fredag. 11.00-15.00 lørdag.
Nettsted
https://parkenkulturhus.no/for-arrangorar/arbeideren-kulturhus.29925.aspx?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Teatret Vårt
Telefon
71240280
E-post
post@teatretvart.no
Nettsted
Teatret Vårt

Andre Arrangører

Arbeideren kulturhus
Telefon
70162468
E-post
parkenkulturhus@alesund.kommune.no
Nettsted
Arbeideren Kulturhus
QR-kode