Til toppen

Ritland/Molvær: Øst for verdens ende – boklansering

Jon Ståle Ritland les frå den nye diktsamlinga si Øst for verdens ende. Opplesinga blir tonesett av fantastiske Nils Petter Molvær. Øst for verdens ende er ein hyllest til lyset, både i konkret og biletleg forstand. I Jon Ståle Ritlands poesi blir lyset både det som lèt oss sjå verkeligheita og verkeligheitas katalysator.
Lyset forgreinar seg i alt, frå kjærleiken slik han blir merka i ei enkel berøring, via ein kunstnars skapande blikk, til det levande saknet av nokon som er borte. Jon Ståle Ritland har også i tidlegare diktsamlingar teke for seg dei grunnleggjande føresetnadene i livet, som vatn og karbon. Poesien hans skil seg ut ved at gleda blir vigd like mykje plass som sorga, skrive fram med kløkt og varme.
Jon Ståle Ritland (f. 1968) debuterte med Kroppsvisitasjoner i 2004 og har sidan gitt ut fleire kritikarroste diktsamlingar. Dikta hans er omsette til fleire språk, mellom anna engelsk, svensk og russisk.
Nils Petter Molvær treng knapt nokon introduksjon. Trompetisten frå Langevågen er ein verdskjend jazzmusikar, kjent for den særeigne tonen sin og blandinga av elektronisk musikk og jazz. Han og Ritland har tidlegare samarbeidd i fleire omgangar.

Dato

30 mai 2023
Utløpt!

Tid

20.00 - 21.00

Sted 2

Parken kulturhus
Parkgata 3B, 6003 Ålesund

Arrangør

Parken kulturhus
Telefon
70162468
E-post
billett@alesund.kommune.no
Nettsted
Parken Kulturhus
QR-kode