Velkomen til Gjøsund hamn og open dag for heile familien laurdag 2. november klokka 12-15. Der får du høyre om planane for fiskerihamna og snakke med dei som arbeider med utviklinga.
Arrangementet skal vere i hallen til Haahjem på Gjøsundneset og i området rundt. Det blir aktivitetar både inne og ute for heile familien og interesserte. Det blir innlegg ved ordførar Kenneth Langvatn, prosjektleiar Linn Indresrtrand og Gjøsund Utvikling med Louis Nordstrand samt deltaking frå næringslivet rundt Gjøsundet. Utviklinga i hamna og tilhøyrande næringsareal går fort. Her kjem nye aktørar i fiskeria, arbeidsplassar og ei fiskeriklynge med eksportrute til dei store marknadene i Europa. Miljøperspektivet er viktig, lokalt og globalt.
Giske samarbeider med sjømat-klynga på Hitra og fiskerihamna i Hirtshals for å få meir sjømat ut i verda. Saman får vi gods frå veg til kjøl.
Kommunen legg opp til eit arrangement med fersk informasjon i prosjektets utvikling og planer, og det blir aktivitetar for heile familien med omvisning på fiskebåt, besøk av redningsskøyta, gratis pølser og drikke – og vi får kulturelt innslag av Taretausene.
Parkering ved bedrifta Haahjem AS – og vi startar innandørs i verkstadhallen klokka 12.