Til toppen

Are Sende Osen: Kongerekka

Are Sende Osen, kjend frå humorduoen Are & Odin og podkastserien og bøkene om kongerrekka i Noreg, kjem til Ålesund bibliotek.

I oktober kjem forfattar, humorist og programleiar Are Sende Osen til Ålesund bibliotek for å fortelje høgdepunkt frå suksess-podkasten Kongerekka. Med utgangspunkt i Snorres kongesagaer og andre historiske verk fortel han om dei norske kongane slik vi aldri har høyrt det før. Historia byrjar med Harald Hårfagre som samla heile Noreg til eitt rike på grunn av ei dame. Deretter går det bokstaveleg talt slag i slag, heilt fram til det kongehuset vi har i dag. Intrigar, sex, brodermord, trolldom og store slag: Dette er vår Game of Thrones frå verkelegheita!
Du skal få høyre at Oslos grunnleggjar Harald Hardråde var ein kronisk juksemakar, og at Magnus Berrføtt underleg nok døydde med støvlane på. Kva konge starta korstog mot heilskjegg, og kor klein kan julefeiringa bli når familien er samla for fyrste gong etter at du kidnappa di eiga søster? Osen fortel uhøgtideleg, lett og underhaldande, og kombinerer folkeopplysning og humor i ein forteljarstil som er heilt unik.
Det vil også bli tid til å høyre fleire lokale historier frå Ålesund og omegn!
Føredraget er for deg som ikkje visste du var interessert i historie, for deg som veit at du er det- og for deg som rett og slett likar å høyre gode historier.
Kongerekka er blitt utruleg godt mottatt og nærmar seg 6 millionar nedlastingar. Det har også blitt 3 bøker og eit TV-program med utgangspunkt i serien.
Arrangementet er støtta av Fritt Ord.
Gratis og ope for alle!
  • Dører åpner: 10.00
  • Pris:

    Gratis

  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

16.10.2024

Tid

18.00 - 19.00

Sted

Ålesund bibliotek
Keiser Wilhelms gate 16, 6003 Ålesund
Opening Hour
10.00-19.00 mandag-torsdag. 10.00-16.00 fredag. 10.00-15.00 lørdag.
Nettsted
https://alesundsbiblioteka.no/biblioteka/alesund/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Ålesund bibliotek
Telefon
70162260
E-post
mailto:alesund.bibliotek@alesund.kommune.no
Nettsted
Ålesundsbiblioteka

Andre Arrangører

Stiftelsen Fritt Ord
E-post
post@frittord.no
Nettsted
Stiftelsen Fritt Ord
Facebookarrangement
QR-kode