Framtidssamling for Sørsida
Sørsida i Ålesund skal bli eit føregangsdøme på eit berekraftig byområde der alle løysingar balanserer økonomiske, miljømessige og sosiale berekraftsmål. Det betyr i praksis at både utviklinga av, og etter kvart livet på Sørsida skal inspirere og rettleie andre byromåder i Ålesund, regionen, landet og verda.
Sørsida vil i åra som kjem vere ein av dei viktigaste drivarane i regionen vår for utvikling og utprøving av nye løysingar, forretningsmodellar og strukturar som vi treng for å få eit meir berekraftig samfunn. Løysingane som blir utvikla vil ha ein marknad langt utover Ålesund og fylket.
No inviterer vi næringslivet, gründerar, akademia, kommunen, frivillige organisasjonar og andre med driv og initiativ til den første Framtidssamlingen på Sørsida.
På samlinga vil vi bli konkrete på kva løysingar, forretningsmodellar og strukturar vi må utvikle og vidareutvikle for å nå 2030-måla, med utgangspunkt i Sørsida.
Samlinga er ope for alle, men krev påmelding til inger.synnove.remme@alesund.kommune.no.
Vi håpar du vil bli med oss for å bidra til å utvikle innovative og berekraftige løysingar for framtidssamfunnet.
- Billett: mailto:inger.synnove.remme@alesund.kommune.no
-
Pris:
Gratis, men krever påmelding via epost.
