Foredrag: Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden
Sunnmøre museumslag ønskjer velkomen til søndagsforedrag med historikar Jarle Sulebust som fortel om arbeidet til Foreininga Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden.
Foreininga vart etablert i 2017, der formålet er å samle inn kunnskap og historisk materiale om kva Storfjorden med sidegreiner, har hatt å seie som ferdselsåre, kontaktskapar, matfat, attraksjon og transportveg for både folket langs desse fjordane og for ein aukande straum turistar.
-
Pris:
Inngang kr 50. Gratis for medlemmar i Sunnmøre museumslag.
