Til toppen

Julen med Astrid Eidsvik

Visste du at Astrid Eidsvik som straks er klar for sin jobb i nye Ålesund kommune er knallgod på å lage julemør, eller at hun har en garasje som er så stappet med ting hun ikke får inn bilen? Vi korter ned ventetiden og fortsetter vår juleprat med folk i egen by. 

Vi har tatt en juleprat med Astrid Eidsvik. Påtroppende rådmann for nye Ålesund kommune.

Vi har tatt en juleprat med Astrid Eidsvik. Påtroppende rådmann for nye Ålesund kommune.

Navn : Astrid Jartrud Eidsvik
Alder : 59
Sivilstatus: gift
Aktuell med: Rådmann nye Ålesund kommune

-Hva må du ha eller gjøre for å komme i julestemning?

-Eg må pynte juletreet på lillejulaften. Vi pynter lite heime før vi kjem til lillejulaften. Då blir julekassene teke fram, dei same år etter år og jula kjem i huset denne dagen.

-Hva er din viktigste tradisjon?

-Siste åra har vi starta å lage vår eigen julemør – både kokemør og tørrmør. Dette gjer vi to gongar før jul. Først saman med søstera og svogeren min, deretter saman med eit venepar. Den blir alltid vellukka, sjølv om vi aldri har same oppskrift. Vi bruker forskjellige krydder og rødvin er kjempegodt i tørrmøren!

-Hva spiser du i julen?

-Det er full pakke – svineribbe, pinnekjøt, heimelaga mør, sossiser, kålrabistabbe og mandelpoteter. Vi er så mette etter dette, så dessert har vi aldri til julemiddagen. Resten av jula blir det ofte kombimåltid frokost/lunsj/middag med både varm og kald mat. Nyttårsaften er det reprise på juleaften.

– Ekte eller falskt tre og hvorfor?

-Vi har ekte juletre. Før vart treet hogd i eigen skog, no kjøper vi. Det er berre eg i familien som i det heile tenkjer på falskt tre. Der har eg tapt.

– Hva er ditt beste juleminne fra du var liten?

-I oppveksten hadde eg stor familie og storfamilie møttest fleire gongar i jul og nyttårshelga. Desse juleselskap minnes eg med glede. Det var med mykje sang og musikk og leikar av ulikt slag.

-Hva gjør du helst når du har fri?

-Det kan vere forskjellig. Gjerne berre slappe av og sjå ein god film, eller ha kjekke samlingar med venegjengen i Tennfjorden. Elles likar eg som mange andre i dagens samfunn, å reise for å oppleve andre kulturar og nyte god mat og drikke og kjenne på kor godt det gjer med varme dagar og kveldar.

-Beste julelåt og hvorfor?

-O heliga natt med Tennfjord Mannskor, der mannen min syng, skapar god julestemning.

(Fortsetter under) 

 

– Du våkner og årets første snø laver ned. Hva er din første reaksjon a) Jippi frem med ski og akebrett b) Ingen skam p snu…

– Den første tanken er: ut og måke bilen! Garasja er full av nyttige og unyttige ting, så der er ikkje plass til bilen. Eg er ikkje særleg begeistra lenger for snø og kulda. Kanskje har det noko med alderen å gjere? Etter at eg datt og braut hofta og måtte sette inn protese, er eg redd for å dette. Dette er ein grunn for at eg ikkje liker snø og isføre. Dette har også gjort at eg ikkje har hatt ski på beina siste to åra. Med andre ord – eg likar det best snøfritt!

-Hvor feirer du jul i år og hvem er du sammen med?

– Etter at vi flytta til Eidsvika for 21 år sidan, har vi feira jula der, bortsett frå for 2 år sidan, då begge ungane våre studerte i utlandet (Sidney og Singapore). Då møttest vi i Singapore og feira jula der med tradisjonell julemat på bordet. Ungane våre som studerer i Trondheim kjem heldigvis alltid heim til jul. I tillegg feirer alltid søstera mi jula hos oss.

-Årets høydepunkt og hvorfor?

-Når vi har satt oss til bordet juleaften rundt kl. 17.00, det luktar godt av julematen og huset er pynta med tradisjonell julepynt som blitt tatt fram år etter år – høgdepunktet for meg er nok denne stunda.

– Har du lyst å sende en julehilsen til noen du synes fortjener en ekstra oppmerksomhet?

-Eg ønskjer alle tilsette i Ålesund kommune ei riktig god jul og eit godt nytt år. Dei tilsette gjer ein kjempejobb kvar einaste dag for innbyggjarane i kommunen vår. Dessverre er det først og fremst når nokon er misnøgd eller at kommunen har svikta på eit eller anna vis, at tilsette får offentleg merksemd. Dessverre er det slik at alt det flotte som blir gjort inkludert det lille ekstra som mange tilsette gjer i kvardagen, sjeldan blir trekt fram. Derfor vil eg nytte høve til å seie takk til alle tilsette i kommunen og samstundes ønskje dykk ei riktig god jul enten du går i turnus og er på vakt i jula, eller nyt en velfortent ferie!

Bypatrioten ønsker Astrid med familie ei gledelig jul!