BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv7.12.1//EN
X-ORIGINAL-URL:https://bypatrioten.com/
X-WR-CALNAME:Bypatrioten
X-WR-CALDESC:For en bedre by
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-8426a7e0990d49b465b05a6f508355b4@bypatrioten.com
DTSTART:20260927T120000Z
DTEND:20260927T130000Z
DTSTAMP:20260920T115900Z
CREATED:20260920
LAST-MODIFIED:20260920
PRIORITY:5
SEQUENCE:1
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:Høstscena 2026: VILLSKAP
DESCRIPTION:Villskap er eit nytt koreografisk arbeid av koreograf Solveig Styve Holte, utvikla saman med seks ungdomar i YKS Ung, komponistane Anja Lauvdal og Lars Ove Stene Fossheim, kostymedesigner Molly Raak og dansekunstnarane May Stene Fossheim, Ornilia Ubisse og Rina Rosenqvist. I YKS Ung får ungdom erfare kunstproduksjon frå innsida gjennom arbeidet som utøvarar og i samarbeid med ei rekke profesjonelle kunstnarar innan dans, kostyme og musikk.\n\nVillskap kretsar kring det fleirrytmiske som finn stad i naturprosessar og korleis naturen tek tilbake eller har evna til å reparere seg sjølv etter menneskeskapte forsøk på kontroll og avgrensing. Kva om kroppane og fellesskapa våre har den same trongen – til å verte ville att, til å gje slepp og opne for meir komplekse former for samhandling, rytmar og forgreiningar?\n\nVillskap er den andre produksjonen gjennom YKS Ung, eit fleirårig kunstprosjekt der ungdom får arbeide skapande og utøvande med profesjonelle kunstnarar, eit talent- og rekrutteringsprosjekt knytt til Ysteholen Koreografiske Senter (YKS). YKS utvikles som ein tverrkunstnerisk produksjons, formidlings- og visningsarena og bygges opp i eksisterande gardsbebyggelse på Folkestad. Prosjektet YKS Ung bygger på tidlegare erfaringar med å arbeide med ungdom som utøverar som i verket «HORDE» skapt saman med koreograf Ingri Fiksdal til opninga av MUNCH i Oslo i 2021, med seinare versjonar utvikla for Kilden i Kristiansand i 2022 og KIASMA i Helsinki i 2023 og verket «Forteljingar» utvikla til Dei nynorske festspela i 2011.\n\nKonsept, koreografi og kunstnarisk leiar: Solveig Styve HolteProfesjonell dansarar: Rina Rosenqvist og Ornilia UbisseDansekunstner og prøveleder: May Stene FossheimKomponist og musikarar: Anja Lauvdal og Lars Ove Stene FossheimKostyme og scenografi: Molly Raak\nYKS Ung: Marit Hovland, Ragna Hofset Kile, Luna Walderhaug Lange, Asiri Carlosdottir Perez, Jakobine Reite, Cristy Donor Solis.\n\nUnder Høstscena vert «Villskap” framført av musikarane Lars Ove Stene Fossheim og Christian Winther og dansarane Marit Hovland, Ragna Hofset Kile, Luna Walderhaug Lange, Asiri Carlosdottir Perez, Jakobine Reite, Cristy Donor Solis, og Ornilia Ubisse.\n\n
URL:https://bypatrioten.com/event/hostscena-2026-villskap/
ORGANIZER;CN=Høstscena:MAILTO:siri@hostscena.no
CATEGORIES:Dans,Festival,Kultur,Musikk
LOCATION:Byparken
END:VEVENT
END:VCALENDAR
