BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv7.12.1//EN
X-ORIGINAL-URL:https://bypatrioten.com/
X-WR-CALNAME:Bypatrioten
X-WR-CALDESC:For en bedre by
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-f24f96d246285d951fe203d06473ff09@bypatrioten.com
DTSTART:20261104T170000Z
DTEND:20261104T180000Z
DTSTAMP:20260806T094000Z
CREATED:20260806
LAST-MODIFIED:20260806
PRIORITY:5
SEQUENCE:2
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:Anders Heger: Wanda. En familiehistorie
DESCRIPTION:\n\nI Wanda. En familiehistorie fortel Anders Heger historia om mor si, Wanda Heger – eit varmt portrett av eit ekstraordinært kvinneliv, ei dramatisk krigsforteljing og ei sterk historie om kva einskildmenneske kan utrette.\n\n\n\n\nDå ho var 21 år gammal, vart Wanda Heger og familien hennar sivilinternerte i Tyskland. Dei hamna på eit slott ikkje langt frå konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Driven berre av eit ønskje om å hjelpe, tok Wanda med seg nokre norgesglas med kokte poteter, gjekk opp til leirporten, banka på og bad om å få levere dei til fangane.\nDenne i og for seg uskuldege handlinga skulle bli starten på ei lang og dramatisk rekkje av hendingar som kulminerte i ein av dei mest fascinerande redningsaksjonane under andre verdskrigen: dei kvite bussane, som redda over 15 000 fangar i sluttfasen av krigen. Historia rommar òg ei svært spesiell og i utgangspunktet utenkjeleg kjærleikshistorie.\nForteljinga har historiske, politiske og mellommenneskelege sider som strekkjer seg heilt inn i den nazistiske toppleiinga, dei norske, svenske og danske regjeringane, det internasjonale Røde Kors og ei lang rekkje internasjonale aktørar. For Wanda og Bjørn Heger (foreldra til forfattaren) og dei sivilinternerte i Berlin var det likevel den nære kontakten med fangane – det illegale og svært farlege samarbeidet på bakkenivå – som stod i sentrum.\nVi møter Anders Heger i samtale med bibliotekar Sigurd Bjørnstad Syversen.\nArrangementet er støtta av Kulturrådet.\nGratis og ope for alle!\n\n\n
URL:https://bypatrioten.com/event/anders-heger-wanda-en-familiehistorie-2/
ORGANIZER;CN=Ålesund bibliotek:MAILTO:mailto:alesund.bibliotek@alesund.kommune.no
CATEGORIES:Litteratur,Samtale/debatt
LOCATION:Keiser Wilhelms gate 16, 6003 Ålesund
END:VEVENT
END:VCALENDAR
