BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv7.12.1//EN
X-ORIGINAL-URL:https://bypatrioten.com/
X-WR-CALNAME:Bypatrioten
X-WR-CALDESC:For en bedre by
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-63947ae3848501f86fba6a7d3bb9f598@bypatrioten.com
DTSTART:20260606T160000Z
DTEND:20260606T173000Z
DTSTAMP:20260531T195600Z
CREATED:20260531
LAST-MODIFIED:20260531
PRIORITY:5
SEQUENCE:1
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:Folk i Aalesund presenterer: Kvernberg/Bjørdal på Fiskerimuseet
DESCRIPTION:Jorun Marie Kvernberg og Kristina Farstad Bjørdal har dei siste åra utvikla eit tett og spanande duosamarbeid, der folkemusikk og kunstmusikk møtest på ein måte som kjennest både sjølvsagt og overraskande.\nI samspel og arrangement spelar dei på kvarandre sine sterke sider: det rytmiske drivet, dei små nyansane og den munnlege tradisjonen frå folkemusikken, og det klanglege, dynamiske og virtuose frå kunstmusikken.\nJorun Marie Kvernberg er ein av dei mest markante folkemusikarane i landet, kjend både som felespelar, hardingfelespelar, songar og komponist. Ho har ei heilt eiga formidlingsevne og eit uttrykk som rommar både det rå, vare og det finurlege. Som komponist har ho markert seg sterkt både innan folkemusikk og kunstmusikk, og har motteke fleire prisar og bestillingar.\nKristina Farstad Bjørdal er ein særs allsidig akkordeonist og trekkspelar, med bakgrunn frå både folkemusikk, improvisasjon, samtidsmusikk og klassisk musikk. Ho har ei sjeldan evne til å finne balansen mellom det kraftfulle og det lyttande, og tilfører samspelet både presisjon, varme og stor musikalsk energi. Bjørdal er òg ein viktig tradisjonsberar innan folkemusikken på trekkspel, og vart i 2021 tildelt Bolstadprisen for arbeidet sitt.\nDei historiske omgjevnadene på Fiskerimuseet skaper ei intim og stemningsfull ramme rundt konserten, og legg til rette for ei nær musikalsk oppleving.Fylkeslaget moro leia av Britt Elise Skram spelar til dans etterpå saman med fleire spanande aktørar.Arrangementet er støtta av Kulturrådet\n
URL:https://bypatrioten.com/event/folk-i-aalesund-presenterer-kvernberg-bjordal-pa-fiskerimuseet/
ORGANIZER;CN=Aalesund Folk Festival:MAILTO:aalesund@folkfestival.no
CATEGORIES:Kultur,Musikk
LOCATION:Molovegen 10, 6004 Ålesund
END:VEVENT
END:VCALENDAR
