BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv7.12.1//EN
X-ORIGINAL-URL:https://bypatrioten.com/
X-WR-CALNAME:Bypatrioten
X-WR-CALDESC:For en bedre by
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-de78a7900066af80465eb275ad8d3667@bypatrioten.com
DTSTART:20250926T160000Z
DTEND:20250926T164000Z
DTSTAMP:20250728T191400Z
CREATED:20250728
LAST-MODIFIED:20260608
PRIORITY:5
SEQUENCE:1
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:Høstscena 2025: RØYSTER av og med YKS Ung
DESCRIPTION:Solveig Styve Holte presenterer eit nytt koreografisk verk ved Høstscena!\n\n«Røyster» er eit nytt koreografisk arbeid av Solveig Styve Holte utvikla i samarbeid med dansekunstner og prøveleiar May Stene Fossheim, dansekunstner og utøvar Rina Rosenqvist, kostymedesigner Molly Raak, komponist og musiker Sofia Jernberg, samt 5 ungdomar frå Ålesund, Ørsta, Volda og Nordfjord som alle er med som utøverar. I prosjektet får ungdom erfare kunstproduksjon frå innsida gjennom arbeidet som utøvarar og i samarbeid med ei rekke profesjonelle kunstnarar innan dans, kostyme og musikk.\nKan kunsten vere ein stad for å utvikle og auke vår sensitivitet for kvarandre og omverda? I fleire kunstneriske arbeid har Holte interessert seg for korleis skape fleirstemmige felleskap der ulike viljer og røyster sameksisterer i det koreografiske uttrykket. I «Røyster» vert rørslene skapt i møte mellom ulike kroppar, i undersøkinga av å gi og ta i mot, av å berøre og bli berørt, bære og bli boren, rørsler som berre er mulige i samdansen med ein eller fleire andre kroppar. Røyster vert ei øving i sensitivitet overfor kvarandre og omverda, korleis vår eksistens er knytt saman og avhengig av andre for å halde fram.\n\n«Røyster» er den første produksjonen av YKS Ung, eit nytt fleirårig kunstprosjekt knytt til Ysteholen Koreografiske Senter (YKS). YKS utvikles som ein tverrkunstnerisk produksjons, formidlings- og visningsarena og bygges opp i eksisterande gardsbebyggelse på Folkestad. Prosjektet YKS Ung bygger på tidlegare erfaringar med å arbeide med ungdom som utøverar som i verket «HORDE» skapt saman med koreograf Ingri Fiksdal til opninga av MUNCH i Oslo i 2021, med seinare versjonar utvikla i Kristiansand i 2022 og i Helsinki i 2023 og verket «Fortejlingar» utvikla til Dei nynorske festspela i 2011.\n
URL:https://bypatrioten.com/event/hostscena-2025-royster-av-og-med-yks-ung/
ORGANIZER;CN=Høstscena:MAILTO:siri@hostscena.no
CATEGORIES:Dans,Festival,Kultur,Musikk
LOCATION:Apotekergata 16, 6004 Ålesund
END:VEVENT
END:VCALENDAR
