BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv7.12.1//EN
X-ORIGINAL-URL:https://bypatrioten.com/
X-WR-CALNAME:Bypatrioten
X-WR-CALDESC:For en bedre by
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-2ecc65c44282f1ad4bfa9ca7bf4d0a37@bypatrioten.com
DTSTART:20250831T133000Z
DTEND:20250831T143000Z
DTSTAMP:20250709T090900Z
CREATED:20250709
LAST-MODIFIED:20260608
PRIORITY:5
SEQUENCE:1
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:Fjord Cadenza 2025: INTRO: Bare Egil og Aslags enda mer superpopulære barneshow
DESCRIPTION:OBS! For å vere sikra plass, book gratisbillettar via Billetto.\n\nBare Egil og Aslag er to av våre mest røynde og folkekjære barneunderhaldnarar som i alle år har gledd og begeistret barn i alle aldrar med sitt superpopulære barneshow. “Morbid!” er eit ord borna gjerne brukar for å uttrykke si begeistring! No kjem endeleg oppfølgjaren til publikumssuksessen!\n\nHer tek dei ungdommelege einnogfemtiåringane i bruk moderne verkemiddel som synth-trommer, keytar, sminke og TikTok-inspirerte dansesteg for om mogleg å kommunisere endå betre med den oppvaksande slekta. Dei trur at dersom dei berre har dette på plass vil dei oppnå suksess. Det viser seg likevel at det er kostbart å vere hipp og moderne, og derfor blir dei nøydde til å stele for å oppretthalde fasaden. Dei trur at dei må gje seg ut for å vere andre enn dei eigentleg er for å oppnå suksess. Med masse musikk, humor og ironi blir det fortalt ei historie om skyggesidene ved dagens samfunn der motepress og kunstige skjønnheitsideal gjennomsyrar alt.\n\n“Bare” Egil Hegerberg og Aslag Guttormsgaard er to norske komikarar og artistar som har spelt saman i ei rekkje tiår i mange forskjellige band, mellom anna Hurra Torpedo, Bare Egil Band og Black Debbath. Dei to er også gjengangerar i alt frå Barne-TV (Lesekorpset, Sangfoni, Hønsemennene etc.), diverse speelfilmar (Hakkebakkeskogen, Svein og Rotta, Kule Kidz gråter ikke og Gilberts grusomme hemn etc.) og TV-show som Brille og Kongen befaler.\n\nINTRO er Fjord Cadenza sitt tilbod til alle barnefamiliar gjennom heile året, med 6 konsertar årleg. INTRO handlar om å introdusere eit breitt utval av musikk til barn og unge. Dette gjer vi gjennom å legge til rette for musikkopplevingar der vi samarbeidar med kulturinstitusjonar og nokon av dei beste kunstnarane frå regionen. INTRO skal òg bidra til å skape nye, uventa kunstnariske samarbeid.\n\nINTRO er støtta av Sparebanken Møre.\n
URL:https://bypatrioten.com/event/fjord-cadenza-2025-intro-bare-egil-og-aslags-enda-mer-superpopulaere-barneshow/
ORGANIZER;CN=Fjord Cadenza:MAILTO:post@fjordcadenza.com
CATEGORIES:Barn,Familie,Festival,Kultur,Musikk,Show,Underholdning
LOCATION:Stadionvegen 25, 6260 Skodje
END:VEVENT
END:VCALENDAR
