BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv7.12.1//EN
X-ORIGINAL-URL:https://bypatrioten.com/
X-WR-CALNAME:Bypatrioten
X-WR-CALDESC:For en bedre by
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-a87f31924667bd8487ff800ff1829df1@bypatrioten.com
DTSTART:20250508T160000Z
DTEND:20250508T173000Z
DTSTAMP:20250430T173500Z
CREATED:20250430
LAST-MODIFIED:20260608
PRIORITY:5
SEQUENCE:1
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:Englandsfarere (1946)
DESCRIPTION:Det er åtti år sidan den tyske okkupasjonen av Noreg tok slutt. Korleis forstod nordmenn denne tida i samtida? Det er no svært få som hugsar denne tida sjølv. Som ei markering av åttiårsdagen for freden inviterer vi publikum til å oppleve filmen Englandsfarere frå 1946, på Løvenvold theater. Det var også i dette kinoromet ålesundarar opplevde filmen like etter krigen.\nFør filmen vil historikar Oddbjørn Hofseth (f. 1978) halde ei innleiing om filmen og historia som ligg bak. Hofseth jobbar mest med lokal og regional historie, og han har bakgrunn som dokumentarfilmskapar. Han underviser i den vidaregåande skulen, og held føredrag og workshops for Høgskulen i Volda og andre historiefaglege forum. Han er for tida også aktuell i ein podcastserie for Sunnmørsposten, om krigen.\nFilmen er basert på krigsromanen til Sigurd Evensmo med same namn. Vi følgjer dei to norske motstandsmennene Harald (Knut Wigert) og Arild (Jørn Ording) som er på flukt frå Gestapo. Dei ønsker først å kome seg over grensa til Sverige, men ombestemmer seg og skaffar seg plass på ei lita skøyte som skal gå frå Ålesund til Storbritannia. Båten får problem, og dei kjem seg aldri over Nordsjøen. Nordmennene vert oppdaga av tyske soldatar og tatt til fange. Det mørke bakteppet for forteljinga er at forfattaren, Evensmo, var ein av dei 27 passasjerane om bord i “Viggo” då Rinnanbanden gjekk til åtak i Ålesund i 1942. Evensmo overlevde, men 19 måtte bøte med livet.\nEnglandsfarere er ein av dei første kulturelle handsamingane av andre verdskrigen i Noreg. Filmen fekk også ein særleg viktig posisjon på Sunnmøre, då filmen tok føre seg dramatiske og epokeendrande hendingar som spelte seg ut på Sunnmøre. Filmen i seg sjølv fortel éi side av minnekulturen, men mottakinga er vel så viktig for å forstå samtida si oppleving.\n
URL:https://bypatrioten.com/event/englandsfarere-1946/
ORGANIZER;CN=Løvenvold Theater:MAILTO:kathrine@momentium.no
CATEGORIES:Film,Historie,Kultur,Samfunn
LOCATION:Løvenvoldgata 11, 6002 Ålesund
END:VEVENT
END:VCALENDAR
